Voss Resort

Voss Resort. Alpint trinn 1 instruktørkurs

Ynskjer du å bli ski instruktør og dele gode skiopplevingar med andre?

Trinn 1 kurset er det fyrste kurset i Den Norske Skiskule sin undervisningsstige. Her har ein stort fokus på eigen alpin skiteknikk og utvikling av deg sjølv som skikøyrar. I tillegg lærer du grunnleggjande teknikkar innan pedagogikk som er nødvendig for å jobbe i ein skiskule. Kurset er for deg som ynskjer å utvikle deg sjølv og bli ein betre skikøyrar eller om du ynskjer å jobbe som skiinstruktør.

Er du skiglad og brenn for å dele skigleda di med andre, er Trinn 1 kurset absolutt å anbefale. Det er nyttig å ha dersom du jobber med born og unge, vaksne eller eldre. Skiglede er god folkehelse og ein aktivitet mange har livslang glede av!

Bestått kurs kvalifiserer til å undervise born, ungdom og vaksne nybegynnarar innan alpint.
Godkjent Trinn1 kurs, samt gjennomføring av obligatorisk praksis kvalifiserer til å gå vidare til å ta Trinn 2 kurs.

Pris: 5 700 kr.
Antall kursplassar: 10 stk
Aldersgrense: 16 år
Kursdatoar: 26.desember, 27.desember, 28.desember, 29.desember og 30. desember 2023. Alle dagar frå ca kl 9.00- 16.00.
Trinn 1 kurset er modulbasert, kor kursdeltakarane også må delta på nettbasert undervisning i forkant av skidagane, samt vurdering og eksamen i etterkant. Meir info om dette ved påmeldinga.

Heiskort og overnatting er ikkje inkludert i prisen. Heiskort får kjøpast til rabattert pris under kursdagane. Informasjon om dette ved påmelding.

Kurshaldar
Kurshaldar er Yngve Øyeflaten. Han er ein lokalkjend erfaren skigut og vossing, er utdanna friluftslivspedaog som brenn for å utdanne nye flinke instruktørar. Yngve jobber til dagleg som lærar på Voss VGS, og er sjølv utdanna gjennom Den Norske Skiskule, kor han har det øvste nivået ISIA skilærar trinn 4. Han er godkjend kurshaldar for trinn 1 og 2 sesongen 2023/2024.

Påmelding
Send e-post til kurshaldar Yngve Øyeflaten; oyeflaten.aktivitetar@gmail.com

Voss Resort Skiskule- Skileige AS er medlem av Den Norske Skiskule.

Kursregistrering:

 

  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

des 26 - 30 2023

Tid

9:00 am - 4:00 pm

Etiketter

Åpent,
Modulbasert kurs

Sted

Voss
Voss

Arrangør

Yngve Øyeflaten
E-post
oyeflaten.aktivitetar@gmail.com
en_GBEnglish (UK)