Voss Resort

Voss Resort. Alpint trinn 1 instruktørkurs, norsk instruktør

Velkommen på kurs i voss resort.

Trinn 1 kurset er det fyrste kurset i Den Norske Skiskule sin undervisningsstige. Her har ein stort fokus på eigen alpin skiteknikk og utvikling av deg sjølv som skikøyrar. I tillegg lærer du grunnleggjande teknikkar innan pedagogikk som er nødvendig for å jobbe i ein skiskule. Kurset er for deg som ynskjer å utvikle deg sjølv og bli ein betre skikøyrar eller om du ynskjer å jobbe som skiinstruktør.

Er du skiglad og brenn for å dele skigleda di med andre, er Trinn 1 kurset absolutt å anbefale. Det er nyttig å ha dersom du jobber med born og unge, vaksne eller eldre. Skiglede er god folkehelse og ein aktivitet mange har livslang glede av!

Bestått kurs kvalifiserer til å undervise born, ungdom og vaksne nybegynnarar innan alpint.
Godkjent Trinn1 kurs, samt gjennomføring av obligatorisk praksis kvalifiserer til å gå vidare til å ta Trinn 2 kurs.

Pris: 5 700 kr.
Antall kursplassar: 10 stk
Aldersgrense: 16 år
Kursdatoar: 7 dager, 10:00-17:00

Trinn 1 kurset er modulbasert, kor kursdeltakarane også må delta på nettbasert undervisning i forkant av skidagane, samt vurdering og eksamen i etterkant. Meir info om dette ved påmeldinga.

Heiskort og overnatting er ikkje inkludert i prisen. Heiskort får kjøpast til rabattert pris under kursdagane. Informasjon om dette ved påmelding.

Påmelding

Alexander Raa Nilsen (alex@vossresort.no / 97195281) Voss Resort Skiskule- Skileige AS er medlem av Den Norske Skiskule.
Kursregistrering:
Du må være innlogget for å kunne registrere deg:

 

  • 00

    days

  • 00

    hours

  • 00

    minutes

  • 00

    seconds

Date

Dec 19 - 25 2025

Time

10:00 am - 6:00 pm

Labels

Åpent,
Ordinært kurs

Location

Voss
Voss

Organizer

Alexander Raa Nilsen
Phone
97195281
Email
alex@vossresort.no